Request ID: 20-11-0293
Published: 26.11.2020

For en av våre kunder, søker vi etter en prosjektleder for et langvarig oppdrag. 

Arbeidet startet i 2020 med utvikling av en betaversjon for tilgjengelegheitserklæring og ei innleiande analyse av arbeidsprosessane som skal digitaliserast. Arbeidet skal replanleggast og intensiverast for 2021 og 2022, mellom anna med ei tydelegare forankring i både dei faglege, formelle og styringsrelaterte behova ikt-løysingane skal ivareta. 

Føremålet med it-prosjektet er å bidra i arbeidet med å utvikle eit datadrive digitalt tilsyn, herunder legge til rette for handheving av WAD og det eksisterande norske regelverket på ein kostnads- og formålseffektiv måte. 

Gjennom prosjektet vil vi: 

  1. Sikre at vi har ei heilskapleg og framtidsretta tilnærming i arbeidet med eit datadrive digitalt tilsyn, som er tydeleg forankra i linjeorganisasjonen sine behov
  2. Utvikle testmetodar for nettstadar og appar, herunder særskilde innhaldstypar som digitale dokument, basert på ei dokumentert regelverkstolking og innretta for dataproduksjon og analyse
  3. Anskaffe/utvikle og implementere ikt-løysingar for det datadrivne digitale tilsynet:
    • Mest mogleg automatisert dataproduksjon, test og analyse 
    • Effektiv og sikker datalagring/forvaltning, med integrasjon av eksterne datakjelder og deling av data
    • Funksjonalitet for rapportering og formidling av data og analyse til ulike føremål
    • Prosess-støtte for produksjonsstyring og oppfølging 
  4. Vidareutvikle og rulle ut den sentrale løysinga for tilgjengelegheitserklæring til verksemdene som skal etterleve WAD

Oppgåver
Endeleg innretting på prosjektet og arbeidsdeling mellom prosjekt og linje er ikkje endeleg avklara. Planprosessen for 2021-22 pågår og innretting på prosjektet vil også vere avhengig av prosjektleiar sin kompetanse og erfaring. I utgangspunktet legg vi opp til at prosjektleiar skal leie eit it-utviklingsprosjekt med tett kopling til linja, for å sikre at it-prosjektet svarar på linja sine behov. 

Prosjektleiar skal:

  • Leie interne og eventuelt eksterne ressursar som deltek i arbeidet, etter avtale bistå i anskaffing av ekstern bistand
  • Utarbeide og løpande ajourhalde prosjektplan og prosjektbudsjett 
  • Planlegge, gjennomføre og dokumentere kvalitetssikring av prosjektet sine leveransar 
  • Rapportere status og risiko med vekt på framdrift, kvalitet, ressursbruk og økonomi
  • Etter avtale legge fram skriftleg dokumentasjon for linja til godkjenning og forankring 
  • Utføre oppgåver knytt til styringsgruppe, referansegruppe og kommunikasjon med andre interessentar

Utvikling av it-løysingar skjer i samarbeid med Digdir sitt utviklingsmiljø og tilsynet bidreg elles med nødvendig kompetanse i arbeidet. Det er også aktuelt å anskaffe ytterlegare ekstern bistand viss det av kompetanse- eller ressursmessige årsaker er behov for det 

Arbeidsbelastning
Det vert lagt opp til bistand i 60-80 prosent pr. år. Det må påreknast variasjonar i arbeidsintensitet, avhengig av prosjektplanen.

Krav til konsulent
Konsulenten:

  • Må vere tilgjengeleg for minimum 60% stilling i kontraktsperioden, og i periodar opp til 80-100% stilling
  • Bør kunne starte opp så snart som mogeleg og helst oppstart i januar
  • Må, når det er naudsynt og etter avtale, kunne reise til tilsynets kontor i prosjektperioden, i den grad dette er forsvarleg

Konsulenten må ha:

  • Dokumenterte resultat med leiing av ikt-prosjekt for digitalisering av arbeidsprosessar
  • Dokumentert prosjektleiarkompetanse, og solid erfaring med prosjektplanlegging, oppfølging og rapportering av leveransar, herunder også kvalitetssikringsteknikkar 
  • Erfaring/kompetanse med analyse og dokumentasjon av arbeidsprosessar som grunnlag for digitalisering, herunder også lovregulerte arbeidsprosessar

Videre bør konsulenten ha:

  • Erfaring med å leie prosjekt der tett samarbeid mellom prosjekt og linje er systematisert og forankra 
  • Erfaring med universell utforming av ikt

 

Competence area

Project management

Location

Sogndal

Workload

100%

Languages

Norsk

Startdate

04.01.2021

Enddate

04.01.2023

Option to prolong

Apply before

06.12.2020

Contact person:
Marthon Hermansen
CEO
Similar assignments

Tech Lead - BRsys

Request ID: 26-10-2523 Published: 2026-10-07

Brønnøysundregistrene (BR) har siden 2016 bygget en ny teknisk plattform (BRsys) for sine registerløsninger. Vi har nå behov for bistand i forbindelse med videreutvikling av innrapporteringsløsningen for BRs registre, og ønsker å leie inn en systemutvikler – Tech-lead.Nærmere beskrivelse av oppdragetKonsulenten skal arbeide som tech lead/backendutvikler (seniorressurs) i videreutvikling av innrapporteringsløsninene til BRs registre. Konsulenten skal bidra til å tilrettelegge og planlegge arbeide......

Competence area
Development
Location
Oslo
Workload
100%
Startdate
2026-11-15
Enddate
2027-11-12
Can prolong
Languages
Norsk
Apply before: 18-10-2026 12:00

App-utviklere til MinID og lommebok

Request ID: 26-10-1216 Published: 2026-10-02

Digdir har i 2026 fått belastningsfullmakt frå DigiUng-prosjektet til å finansiere vidareutvikling av MinID sine tenester retta mot unge. Produktteamet for MinID har, med utgangspunkt i produktområdestrategien og vegkartet for produktet, definert oppgåver knytte til vidareutvikling av mobilappane til MinID.Oppgåvene omfattar både funksjonelle og designmessige forbetringar. Produktteamet for MinID har avgrensa tilgang til spisskompetanse innan utvikling av native mobilappar og har derfor behov fo......

Competence area
Development
Location
Oslo
Workload
100%
Startdate
2026-11-01
Enddate
2027-10-25
Can prolong
Languages
Norsk
Apply before: Closed